The Dittersdorf Symphony Project

Er du komande masterstudent i musikkvitskap i Trondheim, med sterk interesse for wienerklassisk musikk? Kunne du tenkje deg at masteren din både blei til ein bokpublikasjon og til ei innspeling?

Carl Ditters von Dittersdorf (1739–1799) var ein ungdomsven av Joseph Haydn, eitt av dei viktigaste tidsvitna våre frå Wiens musikkliv, og den mest produktive symfonikaren frå Haydn-generasjonen – og òg ein glimrande komponist. Av dei 117 symfoniane som ein i dag meiner at han skreiv, har berre ein brøkdel vore sett på i moderne tid. Dette inneber at verka til ein av Haydn og Mozarts viktigaste samtidige ikkje har kunne bli evaluert ordentleg korkje av publikum, musikarar eller forskarar.

The Dittersdorf Symphony Project (DSP) er eit samarbeid mellom plateselskapet Naxos Music, notehusa Artaria Editions og Schott Music og Senter for Tidligmusikk i Trondheim. DSP har som mål å få realisert draumen om ei fullstendig Dittersdorf-utgåve.

DSP kan tilby fylgjande:

Vi ser etter ein student med den fylgjande kompetansen:

Interesserte studentar kan melde seg til Halvor K. Hosar eller Tore Størvold. Prosjektet er meint for studentar som er ferdige med mastergraden sin i perioden 2026–2030.